Til startsida
Organisasjon Gardbruk Pelssau Produksjonskrav Dokumentasjon Merkebeskyttelse

Sauhaldet i Nord-Gudbrandsdalen har lange tradisjonar.
Sau, ku, ungdyr og hestar har gjennom mange generasjonar nytta utmarka og fjellbeitet som sumarbeite.
Det å få buskapen til fjells gav dyra ein næringsrik kost og eit godt grunnlag for ein ny vinter heime på garden.

Sauhaldet har ikkje berre gjeve ull til produksjon av klede, men slakt av svært god og etterspurt kvalitet.

Opp gjennom alle tider har sauen vore ein del av mangfaldet i dyrehaldet i dalen.

Avlen har alltid prøvd å finna fram til dyr som veit å nyttegjera seg av dei gode fjellbeita som er i høgfjellet.

Stordelen av saubruka i dag har 70-130 dyr vinteren gjennom. Dette gjev 140-300 lam kvar vår. Mange av medlemmene er svært aktive i avlsarbeidet både sentralt og lokalt og sikrar dermed kvaliteten og framgang for sauen i dalen.

Så snart våren tillet det vert sauen slept til fjells og er i fjellet til først i september.

All slakting foregår i regi av Nortura.

Medlemmene i Høgfjellslam SA er forplikta til å følgje produksjonskrava underlagt merket Høgfjellslam frå Nord-Gudbrandsdal og sikrar derfor kvaliteten på produkta merka med Høgfjellslam frå Nord-Gudbrandsdal sin logo.


    Laget av evisio.no