Til startsida
Organisasjon Gardbruk Pelssau Produksjonskrav Dokumentasjon Merkebeskyttelse

Styret

Gaute Romslo
Styreleder
           Sigurd Synstnes
               Nestleder
Torbjørn Elvestad
Styremedlem
Erland Berge 
Styremedlem

            Leif Arne Storrustløkken
             Styremedlem
 
Jon Sigurd Bøhle
1. vara til styret


Selskapet


Høgfjellslam SA vart stifta 29. oktober 2005
Ved stiftinga teikna 66 sauehaldare seg som andelseigare.
Som medlemmer kan takast opp lammeprodusentar eller andre som deltek i verdiskaping basert på produksjon av sau og lam etter reglar om lovmessig beskytta betegnelse. Føresetnaden er at desse identifiserar seg med andelslaget sitt formål og forpliktar seg i samsvar med vedtekter og retningslinjer som gjeld for laget. Av vedtektene går fram at formålet er å auke lokal verdiskaping for sauenæringa i Nord-Gudbrandsdal.
Andelseigarane kjem frå kommunane Lesja, Dovre, Sel, Vågå, Lom og Skjåk i Nord-Gudbrandsdal, som utgjer "Nasjonalparkriket".

Laget har i dag 226 andelseigare herav 225 aktive produsentar. 

Den 12 10 2012 fekk organisasjonen overlevert symbolet for Geografisk beskytta betegnelse for Høgfjellslam fra Nord Gudbrandsdal.
Dette er den høgaste kvalitetssikringa som er for kjøtt i Norge i dag.

Ut fra vedtektene er det henta nokre §`er

§ 1. Selskapsform
Høgfjellslam SA
er eit andelslag med avgrensa økonomisk ansvar, vekslande medlemstal og vekslande kapital. Medlemmene heftar berre med sitt andelsinnskott for andelslaget sine plikter. Andelslaget, i det følgjande også kalla laget, har sitt kontor i Sel kommune.


§ 2. Formål
Høgfjellslam SA har som formål å forvalte lovmessig beskytta merkenamn knytt til slakt av lam og sau frå Nord-Gudbrandsdal, for derigjennom å sikre den råstoffkvaliteten forbrukarane skal kunne vente seg av kjøtt med merkenamn som laget kontrollerer.

Formålet vil ein søke å oppnå gjennom:
- etablering og drift av beskytta merkenamn for skrott eller stykningsdelar frå slakt av sau og lam frå Nord-Gudbrandsdal,
- innføring av felles rutinar og kvalitetsforskrifter for produksjon av sau og lam under beskytta merkenamn,
- å vere eit forum for meiningsutveksling om spørsmål som opptek medlemmene,
- andre aktivitetar som styret finn nødvendig ut frå laget sitt formål.


§ 3. Medlemskap
Som medlemmer kan laget ta opp personar som tek del i produksjon og verdiskaping av sau og lam etter reglar om lovmessig beskytta merkenamn som laget forvaltar, under føresetnad av at desse identifiserar seg med andelslaget sitt formål og forpliktar seg i høve til vedtekter og retningsliner som gjeld for laget. Opptak som medlem vert i kurante tilfelle godkjent av dagleg leiar, medan styret avgjer medlemskap i eventuelle tvilstilfelle. Dette skal skje innan 2 månader etter at innmelding eller søknad om medlemskap er motteke

§ 8. Andelslaget sine styringsorgan.
1. Styret
Andelslaget vert leia av eit styre på mellom tre og fem medlemmer. Styret sine medlemmer skal veljast på årsmøtet for to år om gongen, men inntil to av medlemmene kan veljast for berre eitt år for å ivareta omsyn til rullering i styresamansetnaden. Styreleiar skal veljast av årsmøtet for eitt år om gongen blant dei valde styremedlemmene. Det skal veljast tre varamedlemmer med funksjonstid på eitt år.  Styret er vedtaksført når fleire enn halvdelen av styremedlemmene er til stades, under føresetnad av at alle styremedlemmene er lovleg varsla om møte. Ved likt stemmetal har styreleiar dobbel stemmevekt. Det skal førast protokoll frå møta.

Styret er ansvarleg for at laget driv verksemda si i samsvar med vedtekter og retningsliner som elles gjeld. I forhold som går ut over fullmakter som styret har gitt daglig leiar, vert laget teikna av styreleiar og ein styremedlem i fellesskap. Rekneskap følgjer kalenderåret. Styret førebur årsmøtet og gjennomfører andre medlemsmøter etter behov.


    Laget av evisio.no