Til startsida
Organisasjon Gardbruk Pelssau Produksjonskrav Dokumentasjon Merkebeskyttelse

For å sikre best mogleg velferd for dyra i tillegg til god kvalitet på slakta, er det sett krav til produsentane. Eit generellt krav er at KSL (kvalitetssystem i landbruket) blir fylgd opp. Eigne spesialkrav ang drift heile året er set opp som må fyljast for å kunna levere slakt under Geografisk Beskytta Betegnelse for Høgfjellslam fra Nord Gudbrandsdal.



Tema Tiltak
Innsett om hausten Sau som skal stå inne, må setjast inn og klyppast minst 2 veker før paring. Dyr i kaldhus/utegange skal klyppast seinast månadsskiftet sept./okt. eller ha heilårsull. Snyltarbehandling foretas etter behov.
Paring Paringa skal skje under kontroll og utan innavl.
Foring om vinteren Dyra grupperast etter hold og alder. Alle skal forast så dei er i godt hold, særleg lam som blir para.
Klypping om våren Klypping må skje seinast ca. 6 veker før lamming
Lammingstida Det må førast godt tilsyn i lammingstida, både ved fødsel og i tida etter lamming, dette med tanke på å oppdage sjukdom og at lamma skal få i seg nok mat.
Utslepp Sauen skal kome ut på beite så snart som mogleg etter lamming. Lammingstida må tilpassast slik at lamma normalt ikkje blir ståande inne meire enn 2-3 veker.
Vårbeite Er ikkje vårbeitet tilstrekkjeleg, må det gjevast tilleggsfor. Snyltar-behandling foretas etter behov.
Fjellslepp Slepping på fjellbeite skjer så snart det er tilfredsstillande beite, noko som må vurderast i det enkelte område. Alle vaksne dyr bør ha bjølle. Dyr som ikkje går på fjellbeite i normal beitetid, blir ikkje godtekne som Høgfjellslam.
Tilsyn i beitetida Tilsyn skjer minst ein gong i veka heile sesongen, som regel gjennom organisering i beitelag. Alle meldingar om unormale forhold skal fylgjast opp straks. Ved rovdyrangrep eller mistanke om rovdyrangrep, må det fylgjast ekstra godt med.
Sanking Hovudsanking skal skje innan midten av september. Ettersanking gjennomførast til ein er sikker på at det ikkje går att beitedyr.
Sortering/slakting Alle lam skal vegast rett etter hovudsanking. Dei lam som tilfredsstiller gjeldande krav til Høgfjellslam, må leverast snøggast råd. Før slaktesesongen blir det kvart år informert om gjeldande krav.
Behandling av slaktelam under transport og oppstalling før slakting. Hodyr og hanndyr skal haldast frå kvarandre så langt det let seg gjere. Dyr frå fleire produsentar bør ikkje blandast. Meininga er at lamma skal jagast og stressast minst mogleg. Handtering kan skje ved å gripe rundt halsen/hovudet, ikkje ved å gripe i ulla, dette for å unngå blåmerke på skrotten. Lamma skal helst leverast med ulla på.
Helse/dyrevelferd Krava i ”Forskrift om velferd for småfe” skal fylgjast opp.
Merking av dyra Krava i merkeforskrifta må fylgjast, og i tillegg vil det vere aktuelt med særskilt merking for Høgfjellslam.
Raser Raser som har vist seg egna for beiting i fjellområda i Nord-Gudbrandsdal, kan godkjennast som Høgfjellslam; så som norsk kvit sau, spelsau, pelssau, sjeviot, suffolk og gamal norsk.


    Laget av evisio.no