Høgfjellslam

Styret

  • Sigurd Synstnes
  • Styreleder
  • Erik Bakken
  • Nestleder
  • Torbjørn Elvestad
  • Styremedlem
  • Erland Berge
  • Styremedlem
  • Leif Arne Storrustløkken
  • Styremedlem
  • Jon Sigurd Bøhle
  • 1. vara til styret

Selskapet

Høgfjellslam SA vart stifta 29. oktober 2005
Ved stiftinga teikna 66 sauehaldare seg som andelseigare.
Som medlemmer kan takast opp lammeprodusentar eller andre som deltek i verdiskaping basert på produksjon av sau og lam etter reglar om lovmessig beskytta betegnelse. Føresetnaden er at desse identifiserar seg med andelslaget sitt formål og forpliktar seg i samsvar med vedtekter og retningslinjer som gjeld for laget. Av vedtektene går fram at formålet er å auke lokal verdiskaping for sauenæringa i Nord-Gudbrandsdal.
Andelseigarane kjem frå kommunane Lesja, Dovre, Sel, Vågå, Lom og Skjåk i Nord-Gudbrandsdal, som utgjer “Nasjonalparkriket”.

Laget har i dag 226 andelseigare herav 225 aktive produsentar.

Den 12 10 2012 fekk organisasjonen overlevert symbolet for Geografisk beskytta betegnelse for Høgfjellslam fra Nord Gudbrandsdal.
Dette er den høgaste kvalitetssikringa som er for kjøtt i Norge i dag.

Ut fra vedtektene er det henta nokre §`er

§ 1. Selskapsform

Høgfjellslam SA er eit andelslag med avgrensa økonomisk ansvar, vekslande medlemstal og vekslande kapital. Medlemmene heftar berre med sitt andelsinnskott for andelslaget sine plikter. Andelslaget, i det følgjande også kalla laget, har sitt kontor i Sel kommune.

§ 2. Formål

Høgfjellslam SA har som formål å forvalte lovmessig beskytta merkenamn knytt til slakt av lam og sau frå Nord-Gudbrandsdal, for derigjennom å sikre den råstoffkvaliteten forbrukarane skal kunne vente seg av kjøtt med merkenamn som laget kontrollerer.

Formålet vil ein søke å oppnå gjennom:
– etablering og drift av beskytta merkenamn for skrott eller stykningsdelar frå slakt av sau og lam frå Nord-Gudbrandsdal,
– innføring av felles rutinar og kvalitetsforskrifter for produksjon av sau og lam under beskytta merkenamn,
– å vere eit forum for meiningsutveksling om spørsmål som opptek medlemmene,
– andre aktivitetar som styret finn nødvendig ut frå laget sitt formål.

§ 3. Medlemskap

Som medlemmer kan laget ta opp personar som tek del i produksjon og verdiskaping av sau og lam etter reglar om lovmessig beskytta merkenamn som laget forvaltar, under føresetnad av at desse identifiserar seg med andelslaget sitt formål og forpliktar seg i høve til vedtekter og retningsliner som gjeld for laget. Opptak som medlem vert i kurante tilfelle godkjent av dagleg leiar, medan styret avgjer medlemskap i eventuelle tvilstilfelle. Dette skal skje innan 2 månader etter at innmelding eller søknad om medlemskap er motteke

§ 8. Andelslaget sine styringsorgan.

1. Styret
Andelslaget vert leia av eit styre på mellom tre og fem medlemmer. Styret sine medlemmer skal veljast på årsmøtet for to år om gongen, men inntil to av medlemmene kan veljast for berre eitt år for å ivareta omsyn til rullering i styresamansetnaden. Styreleiar skal veljast av årsmøtet for eitt år om gongen blant dei valde styremedlemmene. Det skal veljast tre varamedlemmer med funksjonstid på eitt år. Styret er vedtaksført når fleire enn halvdelen av styremedlemmene er til stades, under føresetnad av at alle styremedlemmene er lovleg varsla om møte. Ved likt stemmetal har styreleiar dobbel stemmevekt. Det skal førast protokoll frå møta.

Styret er ansvarleg for at laget driv verksemda si i samsvar med vedtekter og retningsliner som elles gjeld. I forhold som går ut over fullmakter som styret har gitt daglig leiar, vert laget teikna av styreleiar og ein styremedlem i fellesskap. Rekneskap følgjer kalenderåret. Styret førebur årsmøtet og gjennomfører andre medlemsmøter etter behov.

Sauhaldet i Nord-Gudbrandsdalen har lange tradisjonar.
Sau, geiter, ku, ungdyr og hestar har gjennom mange generasjonar nytta utmarka og fjellbeitet som sumarbeite.
Det å få buskapen til fjells gav dyra ein næringsrik kost og eit godt grunnlag for ein ny vinter heime på garden.

Sauhaldet har ikkje berre gjeve ull til produksjon av klede, men slakt av svært god og etterspurt kvalitet.

Opp gjennom alle tider har sauen vore ein del av mangfaldet i dyrehaldet i dalen.

Avlen har alltid prøvd å finna fram til dyr som veit å nyttegjera seg av dei gode fjellbeita som er i høgfjellet.

Stordelen av saubruka i dag har 70-130 dyr vinteren gjennom. Dette gjev 140-300 lam kvar vår. Mange av medlemmene er svært aktive i avlsarbeidet både sentralt og lokalt og sikrar dermed kvaliteten og framgang for sauen i dalen.

Så snart våren tillet det vert sauen slept til fjells og er i fjellet til først i september.

All slakting foregår i regi av Nortura.

Medlemmene i Høgfjellslam SA er forplikta til å følgje produksjonskrava underlagt merket Høgfjellslam frå Nord-Gudbrandsdal og sikrar derfor kvaliteten på produkta merka med Høgfjellslam frå Nord-Gudbrandsdal sin logo.

For å sikre best mogleg velferd for dyra i tillegg til god kvalitet på slakta, er det sett krav til produsentane. Eit generellt krav er at KSL (kvalitetssystem i landbruket) blir fylgd opp. Eigne spesialkrav ang drift heile året er set opp som må fyljast for å kunna levere slakt under Geografisk Beskytta Betegnelse for Høgfjellslam fra Nord Gudbrandsdal.

Tema Tiltak
Innsett om hausten Sau som skal stå inne, må setjast inn og klyppast minst 2 veker før paring. Dyr i kaldhus/utegange skal klyppast seinast månadsskiftet sept./okt. eller ha heilårsull. Snyltarbehandling foretas etter behov.
Paring Paringa skal skje under kontroll og utan innavl.
Foring om vinteren Dyra grupperast etter hold og alder. Alle skal forast så dei er i godt hold, særleg lam som blir para.
Klypping om våren Klypping må skje seinast ca. 6 veker før lamming
Lammingstida Det må førast godt tilsyn i lammingstida, både ved fødsel og i tida etter lamming, dette med tanke på å oppdage sjukdom og at lamma skal få i seg nok mat.
Utslepp Sauen skal kome ut på beite så snart som mogleg etter lamming. Lammingstida må tilpassast slik at lamma normalt ikkje blir ståande inne meire enn 2-3 veker.
Vårbeite Er ikkje vårbeitet tilstrekkjeleg, må det gjevast tilleggsfor. Snyltar-behandling foretas etter behov.
Fjellslepp Slepping på fjellbeite skjer så snart det er tilfredsstillande beite, noko som må vurderast i det enkelte område. Alle vaksne dyr bør ha bjølle. Dyr som ikkje går på fjellbeite i normal beitetid, blir ikkje godtekne som Høgfjellslam.
Tilsyn i beitetida Tilsyn skjer minst ein gong i veka heile sesongen, som regel gjennom organisering i beitelag. Alle meldingar om unormale forhold skal fylgjast opp straks. Ved rovdyrangrep eller mistanke om rovdyrangrep, må det fylgjast ekstra godt med.
Sanking Hovudsanking skal skje innan midten av september. Ettersanking gjennomførast til ein er sikker på at det ikkje går att beitedyr.
Sortering/slakting Alle lam skal vegast rett etter hovudsanking. Dei lam som tilfredsstiller gjeldande krav til Høgfjellslam, må leverast snøggast råd. Før slaktesesongen blir det kvart år informert om gjeldande krav.
Behandling av slaktelam under transport og oppstalling før slakting. Hodyr og hanndyr skal haldast frå kvarandre så langt det let seg gjere. Dyr frå fleire produsentar bør ikkje blandast. Meininga er at lamma skal jagast og stressast minst mogleg. Handtering kan skje ved å gripe rundt halsen/hovudet, ikkje ved å gripe i ulla, dette for å unngå blåmerke på skrotten. Lamma skal helst leverast med ulla på.
Helse/dyrevelferd Krava i ”Forskrift om velferd for småfe” skal fylgjast opp.
Merking av dyra Krava i merkeforskrifta må fylgjast, og i tillegg vil det vere aktuelt med særskilt merking for Høgfjellslam.
Raser Raser som har vist seg egna for beiting i fjellområda i Nord-Gudbrandsdal, kan godkjennast som Høgfjellslam; så som norsk kvit sau, spelsau, pelssau, sjeviot, suffolk og gamal norsk.

Høgfjellslam SA har sidan oppstarten arbeid med å samle nødvendig dokumentasjon til søknad til KSL-Matmerk for å etablere lovmessig beskytta geografisk opprinnelsesbetegnelse for ”Høgfjellslam frå Nord-Gudbrandsdal”.

Søknaden til KSL-Matmerk vart innsendt i desember 2009 og er til handsaming der. 13.februar 2012 vart søknaden om merkebeskytting lagt ut for høyring. Høyringsfristen var sett til 13.mai 2012.

Den 12. 10.12 fekk Høgfjellslam fra Nord Gudbrandsdal overlevert Geografisk beskytta betegnelse.

Overrekkelsen er eit faktum. Som medlem i Høgfjellslam fra Nord Gudbrandsdal kan vi no skilta med “Sangt Olavs Ordnen” innanfor kvalitetsslakt. Sjå linken under her.

Matmerk